«Uryddige prosessar, dominerande leiarstil og brot på helseføretakslova». Dette er i følgje NRK påstandar ti store fagorganisasjonar har retta mot leiinga i Helse Førde. Påstandar som ingen, verken i leiinga eller styret, har svart direkte på. Det som likevel har skjedd, er at styret har engasjert eksterne konsulentar for ein «uavhengig gjennomgang av aktuelle problemstillingar», som det heiter i pressemeldinga frå Helse Førde.

Det var NRK Sogn og Fjordane som først kunne fortelje at ein medarbeidar i Helse Førde hadde levert inn ei varslingssak mot leiinga. Kort tid etter kom det fram at ti fagforbund har skrive brev om mistillit til sitjande føretaksleiing.

Når slike skuldingar kjem fram i media, er det umogleg for leiinga å gå ut for å svare eller forsvare seg. Difor er det einaste rette som styreleiar og styret har gjort, nemleg å hyre inn eit eksternt firma for å gå både skuldingar og samarbeidsordningar etter i sømmene.

Helse Førde står oppe i store omstillingar og endringar i organisasjonen. Helseføretaket sjølv medgir at dette har skapt uro i organisasjonen – så sterk uro at føretaket i eiga pressemelding opplyser at dei tillitsvalde har gitt uttrykk for sterk kritikk av arbeidet.

Omstilling er som regel alltid krevjande og ofte konfliktfylt. Sjølv om resultatet leiinga ønskjer å oppnå vil gå på tvers av tilsette sine ønske, er det  viktig at spelereglar i arbeidslivet vert følgde. Det betyr blant anna involvering og openheit overfor tillitsvalde. Kva som er realitetane i skuldingane mot føretaksleiinga, er det vanskeleg å vite noko om så lenge ingen kommenterer dei. Uansett er det alvorleg i seg sjølv at ti fagforbund skriv brev der dei reiser spørsmål om tillit. For helseføretaket med alle sine tilsette og ikkje minst pasientar, er det difor avgjerande viktig at styret har sett i gang ein prosess. Her er det berre ein ting som gjeld: Finne ut av problema og løyse dei på ein måte som skaper ro og godt samarbeidsklima.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør