Bjørn Lødemel, stortingsrepresentant for Høgre, seier seg svært godt nøgd med at landslinje i skiskyting ved Stryn vgs er med i budsjettavtalen mellom regjeringspartia, KrF og Venstre.

- Etablering av landslinje i Stryn er ei sak eg har arbeidd med i fleire år, i nært samarbeid med stryneordførar og partikollega Sven Flo. Når det ikkje vart lagt inn midlar til landslinje i vårt forslag til statsbudsjett, er eg glad KrF og Venstre la det inn i sine alternativ, seier Lødemel.

- Kva rolle har du hatt for å få landslinja på plass i den endelege avtalen?

- Eg har jobba tett mot våre forhandlarar i statsbudsjett-diskusjonane, for å påverke dei til å behalde landslinja i den endelege avtalen som vart signert. Eg er veldig glad for at fire parti no står bak oppstartsløyving til landslinja i Stryn, seier Lødemel.