Laurdagsdistribusjon av aviser har vore eit mareritt både for abonnentar og mediehus etter at Posten slutta med slik distribusjon i månadsskiftet oktober/november. Etter fleire månader med førebuing av eigne distribusjonsselskap som skulle overta laurdagsdistribusjonen, forsikra både  Samferdsledepartementet og budselskapa om at dette skulle gå fint. Dei forsikringane har ikkje vore særleg mykje verdt. I alle fall ikkje i grisgrendte strok. Alarmen gjekk rundt om i bygde-Norge allereie første helga. Budselskap med abonnementslister delvis sortert alfabetisk var sjanselause til å gjere fullgod jobb. Dermed måtte avisene sjølv rykke ut for å levere. Redaktøren i kollega Møre-Nytt tok til dømes eigen båt for å levere avis-bunkar til Urke og Bjørke. Område distributøren ikkje hadde lagt inn eller fått lagt inn i ruta si. Firda, Sogn Avis og ei lang rekkje andre aviser har hatt tilsvarande problem.

To og ein halv månad etter at private selskap overtok laurdagsdistribusjonen, er problema framleis store. Førre laurdag toppa det seg då 1.000 abonnentar av Firda ikkje fekk avisa si. Det viste seg at fleire ruter ikkje var køyrde. Dette er eitt av mange døme som viser at mange og hyppige møte mellom mediekonsern, Mediebedriftenes Landsforeining og Samferdsledepartementet ikkje har gitt dei resultat abonnentar og mediehus burde forvente.

Firdaposten i Florø trudde ikkje ein privat distibutør ville klare brasene. Fram til november kom avisa ut tysdag, torsdag og laurdag. Frå same helg Posten avvikla laurdagsdistribusjonen, valde Firdaposten å endre laurdagsutgjeving til fredag. Aura Avis på Nordmøre har gjort det same, og signal i bransjen tyder på at fleire aviser kjem etter.

Det betyr at Samferdsledepartementet, som har ansvaret for avvikling av laurdagsdistribusjonen, langt på veg er med på å bestemme kva vekedagar avisene skal kome ut. Det er ikkje berre synd, men svært betenkeleg at ein ikkje fungerande distribusjon skal gje slike konsekvensar.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør