Stryn kino har flest besøkande samanlikna med dei andre kinoane i Nordfjord. I fjor løyste 13.635 kinobillett i Stryn.

Eid kino hadde i fjor eit besøkstal på 12.400. Kinoen i Gloppen selde 9819 billettar, medan Måløy selde 6553 kinobillettar i 2016. – Vi er størst på kino i Nordfjord, atter ein gong. Og er veldig kjekt, seier kulturhusleiar Kari-Ann Kaspersen. Ei av årsakene er at Stryn har fleire visingar enn naboane. I løpet av fjoråret kunne publikum velje mellom 506 visingar, mot 431 året før.

– Vi har vore bevisste på at folk skal ha eit betre tilbod om kor tid dei ønskjer å sjå ein film. Det får vi gode tilbakemeldingar på, seier Kaspersen. Barnefilmar og norsk film var mest populære i fjoråret. Nesten 1000 personar fekk med seg fartsfilmen Børning 2 med Anders Baasmo Christiansen i hovudrolla.