Ei brukarundersøking ved omsorgssenteret i Hornindal skal gi endå betre tenester for dei eldre.

–  Det er Ola Ulvedal ved Frivilligsentralen som skal gjennomføre intervjua, fortel Ragnhild Aarflot Kalland som er einingsleiar helse og omsorg.

Det er tre år sidan førre undersøking, og målet med den er å kartlegge korleis brukarane har det og korleis dei blir møtt.

– Vi vil ha klart resultata i løpet av våren og presentere funna. Vi opplevde sist at vi fekk klare og gode tilbakemeldingar som gav betre tenester enn før. Eg trur ein alltid kan gjere ting lurare og betre, og det er også føremålet med undersøkinga, seier Kalland.

Ho fortel vidare at også alle som mottek heimetenester skal svare på spørsmål, og pårørande vil få eit eige skjema som skal fyllast ut.

Kalland informerte også om arbeidet med førebyggande samtaler som vart starta opp i fjor. Der får alle som fyller 78 år tilbod om ein kartleggingssamtale for bu- og livssituasjonen.

– Føremålet er å få dei eldre til å reflektere over eigen alderdom der og då, seier Kalland.Det er også utarbeidd ein brosjyre med nyttige tips om aktivitetar, mat, helse, og vidare ei sjekkliste for eigen bustad om til dømes lysforhold, lause tepper og sklisikre golv.