Førre helg gjekk siste runde av vinterserien i fotball for junior av stabelen i Stryn. Dommarane som var i aksjon på kunstgraset på Stryn stadion er alle med i ei utviklingsgruppe for dommarar kalla Norcore #1.

Norcore #1 er det første steget på utviklingsstigen til Norges Fotballforbund. Her får dommarane eit innblikk i kva som krevst for å ta nye steg og kva som skal til for å bli dommar på eit høgt nivå.

Den unge og lovande dommaren Oliver Kirkeeide Næss frå Stryn er med i utviklingsgruppa.