Posten kutta 845 årsverk i fjor og varslar enda fleire kutt framover.

Det går fram av Postens rapport for fjerde kvartal 2016. Gjennom året reduserte Posten talet på årsverk med 508 i postsegmentet og 376 i logistikksegmentet, ifølgje E24.Omsetninga fall med 302 millionar til totalt 24,8 milliardar kroner, og årsresultatet etter skatt var på 39 millionar kroner. I 2015 hadde Posten eit underskot på 61 millionar kroner.Når Posten frå 2018 kan bruke to dagar på å levere brev i staden for éin, blir mannskapsbehova enda meir reduserte. Meir frakt med jernbane og mindre med fly vi føre til ein ytterlegare reduksjon i talet på tilsette og ein vesentleg kostnadsreduksjon, skriv Posten i rapporten.Tidlegare har det komme fram at rundt 550 tilsette må rekne med å miste jobben når krava til leveringstid blir endra.I kvartalsrapporten varslar Posten samtidig at dei treng meir pengar frå staten i år. Løyvingane på 177 millionar til ulønnsame posttenester i 2017 er 316 millionar for lite, meiner Posten.– Viss løyvinga ikkje blir endra i det reviderte nasjonalbudsjettet, blir konsekvensen av konsernet ikkje får betalt for kostnadene ved å halde oppe to adresserte brevstraumar i 2017, heiter det i rapporten.Opphevinga av monopolet på ein del av brevsendingane i 2016 har elles ikkje hatt nokon stor effekt, slår Posten fast.