Stryneordførar Sven Flo legg ikkje skjul på at Stryn kommune sitt overskot, eller mindreforbruk, pålydande 20 millionar kroner er meir enn han hadde forventa.

- Dette er ekstra gledeleg. Det var ikkje overraskande med tal på plussida, men eg hadde vel antatt eit beløp på ti - femten millionar kroner, seier Flo.

Ordføraren peikar på at det fleire årsakar til at Stryn kommune har fått eit slikt resultat.

- Auka skatteinngang etter endringer i skattesystemet er mykje av forklaringa. Vidare kjem inntekter knytt til flyktningar og asylmottak, noko vi ikkje styrer sjølve, fortel Flo som legg vekt på at næringslivet i Stryn er bærebjelken. - Veksten i Stryn hadde stupt om bedriftene her var knytt opp mot til dømes oljeindustrien, seier han.

Flo legg ikkje skjul på at 2016 har teke hardt på kommunen sitt disposisjonsfond.

- Vi valde å bruke mykje pengar frå dette fondet for å få opp aktivitetsnivået i Stryn og det synes eg vi har lukkast med, seier Flo som også vil tilskrive mykje av resultatet til kommunen si eiga økonomistyring gjennom samhandling mellom politikk og administrasjon.

- Utan god økonomistyring og budsjettdisiplin så hadde neppe utfallet blitt slik. Vi har god kontroll på økonomien i Stryn, konkluderar han.

I hovudsak skal desse pengane inn på disposisjonsfondet, men i følge ordføraren er sju millionar kroner alt øyremerka premieavvik i forhold til pensjon for kommunalt tilsette.

- Dette er noko alle kommuner må forholde seg til og vi vil sette av om lag sju millionar til premieavvik knytt til pensjon. Mange kommuner skyver stadig på dette og eg misunnar dei ikkje når dei skal begynne å betale. Eg trur mange kommuner vil få seg ein overraskelse, seier han.

Flo legg til at det resterande overskotet vil bli svært viktig i 2017 der budsjettet er stramt.

- Det er mykje som forpliktar oss som kommune framover, men dette fondet gir oss eit viktig handlingsrom når det trengs, seier Flo.