Stryn kommune fekk på slutten av fjoråret faktura frå Gode Vegar AS pålydande kr 125 000 for rådgjevingsteneste knytt til utarbeiding av rapporten: "Riksveg 15; Flaskehals eller framtidsveg?".  I saksdokumentet viser rådmannen til at det ikkje er disponible budsjettmidlar i driftsbudsjettet til rekninga.

- Ei løysing kan vere å nytte midlar frå fondet "Styrka næringsarbeid" som har ein saldo på kr 447 088, skriv rådmannen.

Trass i at det er kommunestyret som har mynde til å avgjere fondsbruk tilrår rådmannen i dette høvet at formannskapet får mynde til å fatte endeleg vedtak av fondsbruk ved å vise til hasteparagraf 13 i kommunelova.

- Det er for seint med formell budsjettregulering for 2016, men det er trong for politisk vedtak om bruk av midlar. Arbeidet med påverknad på prioriteringar i Najonal Transportplan er inne i ei kritisk fase. Nabokommunar har bidrege i arbeidet i 2016, men ikkje Stryn som har store interesser i satsing på Rv 15, skriv mellom anna rådmannen som og forsvarar at ein nyttar dette fondet til dette formålet.

Rådmannen har følgande framlegg til vedtak før formannskapsmøte onsdag:

1. Stryn kommune dekkjer kostnaden på kr 125 000 brutto i 2016 for rådgjeingsteneste innafor samferdsel i regi av Gode Vegar AS.

2. Kostnaden på kr 100 000 netto vert å dekkje av fond 25110523 "Styrka næringsarbeid".

Gode Vegar AS fekk ved hjelp av Transportøkonomisk institutt utarbeidd tilleggsrapporten for å underbygge viktigheita av at RV 15 vert omtalt i revidert Nasjonal Transportplan (NTP) for perioden 2018 – 2029 og at det vert lagt inn midlar til planlegging i Statsbudsjettet for 2018.