Ei ny undersøking viser at elevar som har valt yrkesfag opplever auka trivsel samanlikna med ungdomsskulen. Her ser vi elevar ved byggfag ved Stryn vgs.

Ei ny undersøking viser at elevar som har valt yrkesfag opplever auka trivsel samanlikna med ungdomsskulen. Her ser vi elevar ved byggfag ved Stryn vgs.

Yrkesfagelevar trivast betre enn på ungdomsskulen

Yrkesfagelevar trivst betre på vidaregåande enn på ungdomsskulen. Dei taklar også overgangen til ny skule betre enn elevar på allmennfag.

Det viser ei ny undersøking. Forskarar ved NTNU har bede 1.181 skuleelevar svare på spørsmål om livet på skulen og førebuingar til vidaregåande. Første runde av undersøkinga blei gjennomført våren i tiande klasse, med ei ny runde etter at dei starta på vidaregåande om hausten, skriv Klassekampen.

Dei elevane som starta på yrkesfag takla overgangen til vidaregåande betre, og dei treivst betydeleg betre enn på ungdomsskulen. Dei hadde også meir realistiske forventningar til skulen og eigne prestasjonar.

– Overgangen til vidaregåande blir opplevd som veldig positiv for yrkesfagelevane. Og eg trur yrkesfaga gjer noko rett ved at dei har noko mindre grupper, engasjerte lærarar og at elevane får kjensla av å gjere noko meir praktisk. Dette er elevar som har lyst til å jobbe, seier Per Egil Mjaavatn ved Institutt for pedagogikk og livslang læring ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim. Han og kollega Per Frostad står bak undersøkinga.

Både gutane og jentene på yrkesfag opplever styrkt fagleg sjølvtillit når dei startar på vidaregåande, og eigeninnsatsen auka. Dei jamaldrande på studieførebuande retning – også kjent som allmennfag – står på staden kvil.

(©NPK)

Meir å lese på Fjordingen:
Siste nyheter

Feira med veg-kake

Søt avslutning på årets siste formannskap etter god uttelling i RTP.

NVE seier nei til Melkevoll kraftverk

NVE avslår søknaden frå Melkevoll Elvekraft SUS om å få byggje minikraftverk i Oldedalen.

Stilte spørsmål om ny Strynefjellstunnel

Ivar Odnes (Sp), stortingsrepresentant og medlem av Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, stilte denne veka skriftleg spørsmål til samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen om rv 15 Strynefjellet.

- Dette var fantastiske nyheiter

Jens Isehaug har grunn til å smile etter vedtak i formannskapet onsdag kveld

Feira med veg-kake

Søt avslutning på årets siste formannskap etter god uttelling i RTP.

Fire køyrefelt 75 meter over Nordfjorden

Hengebrua vert 1,8 km

Statens vegvesen har no dei første skissene klare for korleis den planlagde E39-brua mellom Svarstad og Frøholm vil ta seg ut i landskapet.