Siste stopp for skralla til Hafsås

Arve Hafsås var rikskjendis under VM i Hochfilzen tidlegare denne vinteren, då supporter-skralla vart inndregen på grunn av for mykje støy. I helga var han derimot på plass i Holmenkollen.

abonnent

Arve Hafsås frå Stårheim fekk mykje merksemd då han på VM i skiskyting tidlegare i vinter vart nekta adgang på trubuna med den svært så lydproduserande skralla si.

I helga var derimot både Arve og skralla på plass på hovudtribuna under sesongslutt i Holmenkollen.

-Eg var og henta den i smørjebilen til landslaget. Dei har hatt den med sidan Rupholding, fortel Hafsås mellom skrallinga i målområdet. Holmenkollen er tredje plass han bidreg frå tribuneplass denne sesongen. Først nemnde Rupholding, så VM i Hochfilzen og no altså på heimebane. Her er det ingen som nektar han adgang med supporter-utstyret sitt.

- Nei, det går veldig bra, smiler Hafsås. Denne helga har han funne selskap i ein supportergjeng frå Voss.

- Det er blitt ein hobby etter at eg gav meg som trenar, seier han. Hafsås har i mange år vore ein sentral person i Nordfjord Team -alt frå trenar til smørjar og bussjåfør.

- Men eg er også med i miljøet som TD (teknisk delegert) på norgescup og NM. Eg har vore i Holmenkollen to gongar før i vinter, som TD på både junior-NM skiskyting og på Kvalfossprinten. Det er så mykje flott ungdom i dette miljøet, seier Hafsås, før han på nytt dreg i gang skralla så det ljomar ut over stadionanlegget.