I fjor tok Stryn kommune i bruk eit nytt sakshandsamarsystem som ikkje let seg integrere med videoløysingsystemet som kommunen i fleire år har nytta ved direktesending av kommunestyremøter.

Direkteoverføring har vore eit viktig bidrag til at innbyggjarane på ein enkel måte får innsyn i politiske prosessar, men når saka vart handsama sist kommunestyremøte var det fleire som stilte spørsmål kring både nytteverdi og kostnad av tenesten.

Forslaget som ligg føre med "Kommune TV" har ein kostnad på kr. 154.000, samt ein årleg kostnad på kr. 21.400.

Jan Træen (Ap) føreslo å droppe TV-overføring av kommunestyrmøta, men etter eit gruppemøte kom han i staden med forslag om å utsette saka.

– Kommunestyret ber om at administrasjonen greier ut faktisk nytte og behov for ei videoløysing og eventuelt kjem tilbake med ei vesentleg rimelegare løysing, heitte framlegget frå Jan Træen (Ap) som vart samrøystes vedteke.

Om nye og rimelegare alternativ til overføring kjem på bordet tysdag gjenstår å sjå, men rådmannen si innstilling er at Stryn kommune held fram med direktesending av kommunestyremøter etter innkjøp av dette systemet.

Sidan førre kommunestyremøte er det henta inn tal på kor mange som følger desse kommunestyremøta årleg. Statistikken frå dei siste ti åra, som er vedlagt i saksdokumentet, viser at det årleg er mellom 545 nedlastingar (2011) til 2257 nedlastingar (2008)

Stryn var ein av dei første kommunane i Sogn og Fjordane som direktesendte sine kommunestyremøter frå kommunen si heimeside. (Frå 2006)