Neste år skal Stryn Energi byte ut straummålarane hos alle kundanesine. Noregs Vassdrag og Energidirektorat (NVE) har bestemt at allebustadar i Noreg skal få ny målar med automatisk avlesing og detteer den største moderniseringa av straumnettet på hundre år. Dette skriv Stryn Energi i ei pressemelding.

Byrjar i januar

StrynEnergi er i tett samarbeid med Sogn og Fjordane Energi (SFE),Sognekraft og Sunnfjord Energi om dette prosjektet.

I Sogn og Fjordane er det Førde som er først utog dei første målarane skal på plass no i slutten av april. Stryn Energi byrjar åbyte målarane i bustadar i januar neste år, men allereie i sommarvil ein starte å byte målarar hos større bedriftskundar. Det ertil saman 52.000 straummålarar som skal monterast for dei fire samarbeidandeselskapa.

Nye målarar gir fleire fordelar

Stryn Energi harallereie automatisk avlesing på dei fleste målepunkt, men dessemålarane tilfredsstiller ikkje dei nye krava frå NVE. Straumkundanei Stryn vil likevel få mange fordelar med dei nye målarane.

- Kundane fortener at viheng med i tida, seier nettsjef i Stryn Energi, Hans Ørjasæter.

- Digitaliseringa som no blirgjennomført gir oss betre datagrunnlag til å drifte og investere inettet vårt, slik at vi raskare kan identifisere og rette feil. Vifår også betre grunnlag for å gjere utbetringar på rett plass inettet, til rett tid. Dette vil kome kundane til gode, seier Ørjasæter i pressemeldinga.

Hanforklarar vidare at den største vinsten, sett i frå eitsamfunnsperspektiv, er at ein med automatiske målarar klargjerstraumnettet for morgondagens straumkundar, og at ein i enkeltehøve kan redusere behovet for nytt straumnett.

- Endra livsstil hargjort noko med straumbruken vår. Den moderne heimen harinduksjonsomn og mange har elbil og dette er to typiske døme påmoderne utstyr som dreg mykje straum på kort tid. Med dagensstraumnett kan det verte utfordrande når alle skal lage middag oglade elbil på same tid, men med nye målarar vil vi i mange tilfellegreie oss veldig fint med straumnettet vi har, seier nettsjefen ved Stryn Energi.

Varslar straumbrot

Dennye målaren skal også gjere det mogleg for nettselskapet å oppdage oglokalisere straumbrot i kvar bustad, slik at kundane raskare kan fåatt straumen ved straumbrot. I dag har nettselskapa god oversiktover tilstanden i høgspentnettet, fram til næraste nettstasjon, menstraumbrot i lågspentnettet mellom nettstasjon og kunde tar lengertid å identifisere.

- Med nye målarar har nettselskapet direktekontakt med kvar målar og vil raskt oppdage at straumen er vekkehos kundane.