Ei av sakene som var oppe til handsaming då kommunepolitikarane i Hornindal var samla til møte torsdag, var framtida til det etter kvart mykje omdiskuterte Grobygget ved Hornindalsvatnet. Her er det i dag sett av pengar til riving, men ei nemnd som representerer fleire lag og organisasjonar har bede om bevaring av bygget og omdisponering av midlane til istandsetjing.

Grobygget var på mange måtar starten på industrireisinga i kommunen, og er såleis eit bygg av historisk verdi. Frå 1961 og ut over til 1980-talet var bygget arbeidsplass for mange tilsette i konfeksjonsindustrien.

Saka hadde også vore oppe til diskusjon i formannskapet tidlegare på dag, og dei hadde samla seg om følgjande framlegg til vedtak for kommunestyret:

  1. Kommunestyret er positive til det initiativet og arbeidet som vert gjort i samband med bevaring/ny bruk av Grobygget.

  2. Kommunestyret ynskjer at nemnda på eiga rekning arbeider vidare med ei utgreiing knytt til planar for vidare bruk av Grobygget. I denne utgreiinga må det føreligge vurderingar knytt til  framtidig eigarskap, investeringsbehov, finansiering og drift.

  3. Nemnda legg sine tilrådingar fram for politisk behandling

Thore Heggen (H) stilte spørsmål om det er tenkt noko form for bistand til nemnda, og vidare kva tidsperspektiv ein jobbar etter. Brynhild Lund Notøy, kommunestyrerepresentant for Venstre, sit også som medlem i nemnda og sa at det ikkje var konkrete planar med eit tidsperspektiv.

- No må vi byrje å jobbe med heile konseptet. Det er viktig visst vi skal nytte huset vidare at vi klarar å få inn aktivitet som dekkjer kostnadane med huset, og det må vere i eit lenger tidsperspektiv -ikkje berre over to, tre år. Vi har ikkje midlar så vi må drøfte korleis vi kan skaffe det for å jobbe vidare, sa Notøy.

Også Høgre sin representant, Tom Øyvind Solheim, sit i nemnda og kunne fortelje at etter at saka var sendt inn til kommunen var det kome til fleire interessentar i form av lag og organisasjonar.

- Vi opplever mykje positivitet rundt dette. No må vi etter kvart sjå på kva dei  einskilde kan bidra med inn i prosjektet, sa Solheim.

Framlegget frå formannskapet vart samrøystes vedteke.