Stryn Ping Pong Club, som også i år er arrangør av Oktoberfesten i Stryn, ber i eit brev til kommunen om lån av ordførar med bart i høve opninga av den tiande oktoberfesten.

- Vi håpar å få låne ordførar Sven Flo i paraden laurdag, og som reklamemann med bart og skjegg i månaden forut for arrangementet. Som motytelse tilbyr vi god reklame for Stryn, skriv "oktoberfestkardinal" Kim Rune Flo i høve ein søknad til kommunen. I 2016 vart det seld 2800 billettar, men med auka kapasitet på Per Bolstad plass er det venta å nå nye høgder under jubileet i år.

- I år aukar vi antallet besøkende utover tidligare år. Det betyr eit anslått antall på 3.400 besøkande, skriv Flo.

Årets underholdning er mellom anna Stage Dolls, Kampen Janitsjar, Oslo Blås, Daniel Engen and the Huginband, Grand Prix, Hit Station, Stryn Musikklag og Husbandet.