Då saka var oppe til handsaming onsdag, stod ferdigstilling av reguleringsplan for problemstrekninga på dagsorden. Utvalet følgde opp tilrådinga frå fylkesrådmannen, der det heiter at Møre og Romsdal fylkeskommune bestiller ferdigstilling av planlegginga av strekninga med Statens vegvesen jf. vedtak i samferdselsutvalet. Arbeidet skal finansierast av kommunane.

Frå før har Stranda og Hornindal kommunar teke initiativ og sagt seg villige til å forskottere planleggingsarbeidet.

- Dette er svært gledeleg, og viser at politikarane i Møre og Romsdal er til å stole på. Dei har tidlegare gitt klare signal i forhold til å få ferdig planarbeidet for fv 60 og viser gjennom onsdagens vedtak at dei er både framoverlente og løysingsorienterte i ei sak der fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane har svikta fullstendig. Det er verdt å merke seg at vedtaket i Møre og Romsdal er tverrpolitisk, seier Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel.

Også kollega Jan Ove Tryggestad i Stranda kommune er godt nøgd.

- Dette var eit nødvendig vedtak. Eg er fullstendig klar over at det i denne omgang handlar berre om regulering. Men for å få tak i dei store pengane for å byggje veg, må vi ha ferdig plan. Difor er onsdagens vedtak ein milepæl som igjen fører oss nærare ei grunnleggjande løysing på vegspørsmålet mellom Grodås og Stranda kommune, seier Tryggestad.

- Og spaden som er brukt fleire gonger i prosjektet Hellesylt-Røyr står klar?

- Ja, den er klar for nye oppdrag, og vert leita fram så snart reguleringsplanarbeidet er ferdig, seier Tryggestad.

- Det finst rikeleg dokumentasjon på kor dårleg denne vegen er, kor mange ulukker vi har hatt og kor store problem vegen skapar for næringslivet som treng vegen til transport. Mange går dagleg rundt og er urolege for ei verkeleg alvorleg ulukke, fordi vegen er smal, svingete og har kantar som gir etter. Når vi no har fått positivt vedtak i forhold til ferdigstilling av reguleringsplanen, er eg og optimist med tanke på at politikarane meiner alvor og vil fullføre vegprosjektet. Eg har tidlegare signalisert at kommunane og fylkeskommunen burde kunne lånefinansiere vegen. Dette som eit spleiselag og ei forskotteringsløysing til ordinære midlar er på plass. Med dagens rentenivå vil det vere fullt overkomleg, seier Lødemel.

Smuldrar opp: Ove Fagerheim (t.v.) og Stig Olav Lødemel viser kor dårleg forfatning fylkesveg 60 gjennom Hornindal er. Foto: Terje Engås, Sunnmørsposten