Namnenemnda i Eid og Selje gjekk tysdag innfor at Selja bør bli namnet på den nye kommunen når Eid og Seljeslår seg saman i 2020.

Nemnda hadde på førehand plukka ut treaktuelle namn til ei innbyggjarundersøking, etter at folk flesthadde kome med ei rekkje forslag. Dei tre namna var Selja, Eid ogStadt. I innbyggjarundersøkinga sist veke vart eit representativtutval på 500 personar i dei to kommunane oppringde. Resultatet vartat 168 personar (34%) ville ha Eid, 153 personar (31%) ville haStadt, medan 124 personar (25%) ville ha Selja som kommunenamn. Deiresterande 55 personane (11%) hadde inga meining eller ville ikkjeha nokon av dei tre namna.

Nemnda tilrår med andre ord at detnamnet som fekk minst tilslutning i innbyggjarundersøkinga, skalbli valt. Saka går no til handsaming i formannskapa i Eid og Selje.På felles kommunestyremøte 22. juni fell avgjerda.