To personar vart sendt i ambulanse til Førde sentralsjukehus etter ei utforkøyring på rv 15 mellom Kjøs bru og avkøyringa til Jutedalen søndag ettermiddag. Uhellet skjedde ved 14.20-tida då bilen som var på veg retning Stryn kom utfor vegkanten og følgde grøftekanten om lag 40 meter bortover. Bilen trefte ein bergnabb før han stoppa heilt, og vart påført store materielle skader i fronten.

- Dei første som kom til skadestaden fortener stor ros for førsteinnsatsen, seier brannsjef Ståle Hatlelid til Fjordingen.

- Medtrafikantar sette opp varseltrekant på begge sider av ulukka og tok ansvar for å dirigere trafikken fram til redningsmannskap kom på plass. Slik innsats er viktig og positivt, ikkje minst på ein dag som denne med stor trafikk, seier Hatlelid.

Skadeomfanget til dei to som sat i ulukkesbilen er ukjent, men i følgje Hatlelid var dei begge oppegåande og ute av bilen då ambulansane kom til staden.

Brannsjef Ståle Hatlelid rosar publikum for god innsats på skadestaden fram til redningsmannskap kom på plass. Foto: Bengt Flaten