Eit merkevareprosjekt som skal styrke namnet og staden Hornindal er klar for lansering.

– Vi har prøvd å leite etter kva som er unikt med Hornindal. Jau, Hornindalsvatnet, 514 meter djupt. Naturen og fjella er kjempeflotte, men det er ikkje unikt. Men Europas djupaste innsjø- det er unikt, seier Jørn Sønsterudbråten.

Han har leia arbeidet med å utvikle ein grafisk profil og eit konsept for Hornindal-namnet. Svein Olav Solum, Svein Otto Espe og Tom Øyvind Solheim har vore med i prosjektet som Hornindal IL har eigarskapet til.

Torsdag fekk kommunepolitikarane ein første smakebit, og snart blir det invitert inn til lansering for alle interesserte. Utan å røpe for mykje vil talet 514 spele ei sentral rolle.

Tanken er at logoen skal kunne koplast til alle arrangement, organisasjonar og lag som ønskjer det.