Stryn kommune sitt system for direkteoverføring av kommunestyremøter er utdatert. Kommunestyret i Stryn har tidlegare handsama spørsmålet om nytt system for direktesending av kommunestyremøter. Det no ligg føre to alternative løysingar som kommunestyret skal ta stilling til tysdag.

Det første er, som tidlegare tilrådd, at Stryn kommune investerer i nytt utstyr og programvare og brukar eige personell til videooverføring.

Alternativet er at Radio Stryn, med eige utstyr og personell, overtek ansvaret for videosending av kommunestyremøter slik Radio Stryn har gjort det dei siste møta via Fjordingen si nettside.

Av saksframlegget leggast det vekt på at Radio Stryn sitt alternativ har ei filmfil frå heile møtet og det er ingen tilleggsfunksjonar. Det leggast til at det er uheldig med reklame ved visningsruta når denne ikkje er i fullskjermsvisning.

- Dersom ein oppgraderar dagens system med tre kamera, kan sjåaren velje kameravisning og saksdokument blir knytt til film. Det gjer det lettare å finne tilbake til film / sak for dei som ikkje kan følgje direktesendingane. Arkivmessig ein fordel og enkelt for dei som vil sjå sak/film i ettertid, skriv sakshandsamar Anna Bringsvor Egedahl i saksframlegget.

Innkjøp av utstyr og programvare (Kommune TV) har ein kostnad på kr. 153.000

Alternativet i Radio Stryn har som utgangspunkt ein timepris på 450+mva for filming, samt ein eingongssum på kr 32 000,-.

Rådmannen har følgande framlegg til vedtak før kommunestyremøtet tysdag.

1: Stryn kommune held fram med direktesending av kommunestyremøter.

2: Stryn kommune går til innkjøp av kommune- TV løysing med kostnadsråme som vist i saksutgreiinga.

3. Kostnad på kr 153.000 vert å dekkje av investeringsfond. Årskostnaden for 2017 vert å finne dekning innanfor ordinært driftsbudsjett.