Eit knippe spreke ungdomar frå Stryn T og IL og Hornindal IL tok del i Veidekkeleikane i helga. Idrettstemnet, i regi av Lillehammer IF, Moelven IL og FIK Orion og Veidekke entreprenør, vart arrangert torsdag til søndag.

Laurdag sprang Marius Konstali-Lødemel frå Stryn T og IL, 60 meteren på tida 9.77 og hoppa 1.20 meter i høgde i klassa gutar 10 år. Marius vann begge desse øvingane.

Johannes Konstali-Lødemel vann finalen for 12-åringar på 60 meter med tida 8.57. Han kom på 2. plass i høgde med eit hopp på 1.40 meter.

Malin Riise Gran løp seg inn til plass i A-finalen på 100 meter i klassa j.15 etter å ha satt ny personleg rekord med tida 13.15. I finalen kom ho seg til på 8. plass.

Det var fleire som satt personlege rekordar denne helga. Oddrun Hjelmeset Kirkeeide satt personleg rekord på 600 meter med tida 2.00.71.

Marius Konstali-Lødemel satt eigen rekord både på lengde og 600 meter med henhaldsvis 3.73 meter og 1,51,03 minutt og vann begge øvingane. Johannes vann også desse øvingane, med resultata 4,57 i lengde og med tida 1.40.18.

Torje Seljeset frå Hornindal IL stilte på 600 meter i klassa G.12. Han vann sitt heat etter eit flott løp på 1.45.93! Han enda på ein sterk 5. plass totalt.

Det skal og nemnast at Emilie Flo Stavik fekk ein fin 6.plass på 1500 meter torsdag. Laurdag fekk Malin Riise Gran eit flott lengdehopp på 4,61m, berre 3 cm frå finaleplass i 15 års klassen.

- Dette var veldig kjekt og forhåpentlegvis stiller vi med endå fleire utøvarar neste år, seier Jarle Lødemel.