NM i revy går føre seg på på Høylandet denne helga. Uttaket av dei første 15 finalistane vart klart seint fredag kveld, og stryningen Roy Aron Myklebust er blant finalistane. Det står framleis att ei kvalikførestilling og ytterlegare fem skal med laurdag.

- Men det er eit godt teikn at ein allereie no er ein finaleplass verdig, seier Roy Aron Myklebust på telefon frå Høylandet laurdag morgon.

Stryningen skal opne finaleførestilinga med nummeret sitt "ei knakande god historie" som skal ha fått svært god respons blant publikum.

- Det var også betrygggande å høyre frå scena at jurymedlem Marit Voldsæter lo godt under heile nummeret. Nær 2000 sat i sirkusteltet fredag, og det blir truleg endå fleire i kveld, fortel Myklebust som reiste til Høylandet med to sketsjar i bagasjen.

Ein vart framført saman med sambygdingen Elling Sølvberg. Dei to utgjer laget Gamangutane i NM.

- Vi hadde også med sketsjen Nettbuss nattbuss med Elling i hovudrolla. Han gjorde ein kjempejobb og innslaget fekk god respons og masse tilbakemeldingar i etterkant, seier Myklebust.