Jan-Ove Standal, frå Stryn T og IL Sykkel, vann si klasse (45 - 49 år) i tempodistansen under NM Masters landeveg i klasse (30+) i Saltstraumen utanfor Bodø laurdag. Under fellesstarten søndag, sykla Standal inn til ein tredjeplass, sju sekund bak vinnaren.

Standal tok ein soleklar førsteplass, heile to minutt og 35 sekund framfor nr. 2. Han sykla dessutan nest best av alle på den lengste tempoetappa og kom i mål, berre to sekund etter beste ryttar, uavhengig av klasse.

- Det var ei kraftig tempoetappe på 3,2 mil med 560 høgdemeter. Det er hardt, men det gjekk fort, seier Standal til Fjordingen. Med sigeren laurdag kvalifiserte 48-åringen seg til VM i Masters i Frankrike i august. Standal seier han må ta ei vurdering på om han ønskjer å ta del i VM.

- Det må eg tenkje på. Først er det Nordisk meisterskap i Randers i Danmark i slutten av juli, seier Standal som har ingen planar om å feire den ferske sigeren.

- Nei, eg må halde fokus på trening framover, så det får holde med ein betre middag, seier Standal.