I eit brev til Stryn kommune skriv Fylkesmannen at dei ønskjer eit møte for å gjennomføre tilsyn med den kommunale beredskapsplikta i Stryn kommune.

Fylkesmannen viser til sivilbeskyttelseslova, og ønskjer individuelle intervju med både ordførar og rådmann om beredskapen i kommunen. Tilsynet er tenkt gjennomført i november i år.

- I tillegg ønskjer vi gjerne deltaking frå brannsjef og sektorsjefar innan helse- og sosialtenesta, kommunalteknikk/arealforvaltning, skule/oppvekst, og eventuelle andre nøkkelpersonar innan beredskapsplanlegging/krisehandtering, skriv Fylkesmannen.

- Tilsynet gjennomførast kvart fjerde år, opplys sakshandsamar ved Fylkesmannen, Anne Catherine Fasmer Eide.