Har du blitt smitta av antibiotikaresistente bakteriar i utlandet, er det stor risiko for at du tek med deg nokre av desse bakteriane heim.

– Mange kan vere smitta utan at dei veit det, seier professor og overlege Arnfinn Sundsfjord til nettsidene for UiT og UNN til Universitetet i Tromsø.

Forskarar frå Universitetssjukehuset Nord-Noreg, Vestre Viken sjukehus og Akershus universitetssjukehus har i tre år følgt 101 pasientar som har fått urinvegsinfeksjon på grunn av resistente E. coli-bakteriar, for å sjå om pasientane blei kvitt dei resistente mikrobane.

Konklusjonen var at urinvegsinfeksjon som har oppstått på grunn av resistente E. coli-bakteriar lever svært lenge i tarmen, sjølv etter urinvegsinfeksjonen har blitt behandla med antibiotika. Etter eitt år var framleis halvparten av pasientane berarar av dei resistente tarmbakteriane, og etter tre år var 15 prosent det same.

I Noreg er ein strenge på antibiotikabruk, men slik er det ikkje overalt. Vi reiser stadig meir, men det er altså ikkje berre gode minner og suvenirar vi tek med oss heim igjen. Dei resistent-berande pasientane i studien hadde vore på relativt mange utanlandsreiser dei siste tolv månadane.

– Det er særleg stor sjanse for å få med seg desse resistente bakteriane viss ein har vore innlagt på sjukehus på det indiske subkontinent, seier Sundsfjord.

Når bakteriar blir resistente mot antibiotika, kan dei halde fram å formeire seg sjølv om dei blir utsette for stoffet. Mange av oss kan vere berarar utan at vi veit det.

– No er det ikkje slik at ein nødvendigvis blir sjuk sjølv om ein er berar. Bakteriane kan godt gøyme seg blant normal bakterieflora i tarmen. Mange kan vere smitta utan at dei veit det, og 3–4 prosent av oss er berarar til kvar tid, fortel Sundsfjord.