Konserten med Vamp i hagen ved Visnes hotel onsdag kveld vart ein ubetinga suksess. Kring 600 løyste billett for å få med seg eit av landet sine mest populære band. Då var det i praksis ikkje fleire sitjeplassar.

- Eg og Marit tenkte vi skulle ha ein liten grillfest i hagen, så veldig kjekt at så mange kom, smilte Arvid Otterdal før han helsa sørvestlendingane velkomne på scena.

Med ei blanding av nye og gamle låtar, og med ei framføring fyllt av humor og speleglede, så vart nyvinninga med hagekonsert ei stor oppleving for dei frammøtte. Og når Vamp kom tilbake på scena for ekstranummer og avslutta med publikumsfavoritten Liten fuggel, ja då var i grunnen kvelden fullkomen.