-No sel vi så godt med billettar at vi reknar faktisk med å vere utselde i løpet av helga, seier Kim Rune Flo. Han prøvar etter beste evne å feriere, men med Oktoberfesten få veker unna blir det mykje administrering for festgeneralen.

Og akkurat no er det billettsalget som uroar han. Ikkje fordi det går tregt, tvert imot, men no er han redd dei lagar ein fest i strynebygda som mange stryningar må følgje frå utsida av gjerdet.

-Stryningane er som vanleg seint ute med å skaffe seg billettar. Det er det klare inntrykket vi har ut frå det vi høyrer på bygda, seier han.

- Vi har berre 500 billettar att og med den takta som er no, der vi sel 100-150 for dag, så er vi tome i løpet av helga. Så no må stryningane hive seg rundt, er oppfordringa hans.

Det er totalt 3.400 billettar som vert lagt ut for sal. Og Flo seier at det ikkje nyttar å klamre seg til eit håp om at det skal ordne seg på grunn av "vennskap og kjennskap.

-Dette er det vi har, det vert ikkje lagt ut meir.

-Hovudføremålet då vi starta med Oktoberfesten var jo å lage ein fest for stryningane, seier han.