Fjordingen har to reportasjar i tysdagsavisa som kvar for seg viser kontrastane i bruk av naturen. Den eine handlar om Hoven og Loen Skylift som etter drøyt to månaders drift har fylt opp årsbudsjettet sitt allereie. Pendelbana frå fjordstasjonen og opp på over 1.000 meters høgde er ikkje berre ein turistmagnet, men og eit godt tilbod for å få folk til fjells som elles ikkje ville vere i stand til det. Som Richard Grov sjølv seier i artikkelen: Det gjer mest inntrykk på han å sjå ansiktsuttrykka til folk som elles ikkje kan gå på høgfjellet, når dei ved hjelp av gondolen kjem seg til Hoven og kan nyte den storslåtte utsikta.

Då planane vart lanserte, var det delte meiningar om samfunnet burde tillate utbygging på Hoven. Ei utbygging som og kravde bygging av tilkomstveg. Kanskje er det framleis dei som meiner utbygginga var feil. Fasiten så langt viser i alle fall at Loen Skylift og tilbodet som er laga på fjellet er noko mange set svært stor pris på og nyttar. Bygging av anleggsveg og deretter pendelbane, restaurant og ikkje minst eit omfattande stisystem på fjellet, betyr at langt fleire enn før får tilkomst til flott natur og gode opplevingar.

Kontrasten mellom Hoven til dei snubletrådar det offentlege har lagt for dei som ønskjer betre tilkomst til Randastøylen på Nordsida i Stryn, er stor. Flaumen i juli 2011 tok vegen til setra, og søknaden som vart sendt inn om å få byggje traktorveg til stølen, vart støtta av Stryn kommune. Men Fylkesmannen sa nei. Dermed er Randastøylen utilgjengeleg med bil eller traktor, og dei som driv stølsdrift der, og på den måten bidreg til å halde kulturlandskapet i hevd, må slite og bære kraftfor opp og mjølk ned frå setra.

Avslag på å byggje traktorveg til stølen med den grunngjeving at ein skal ta vare på natur og tradisjonar, er vanskeleg å akseptere. Den dagen stølsdrifta på Randastøylen forsvinn, vil kulturlandskapet raskt gro igjen. Kva slags vernetanke er det? Grunneigarane rundt Randastøylen bør ta opp att søknaden om å få byggje veg, og krevje synfaring og samarbeid for å få til løysingar alle kan sjå seg tente med. Nei til bygging av veg hindrar framtidig bruk, og er den dårlegaste og mest passive løysinga.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør