- Vi avventar NVE sin rapport før vi seier meir om varig bruløysing på fv 60 i Utvik. Inntil vidare reparerer vi eksisterande bru, med mål om opning igjen rundt 20. september. Det seier fylkesordførar Jenny Følling etter at ho og fylkesutvalet vart orientert om fv 60 måndag.

- Statens vegvesen reparerer brua på best måte for raskast mogleg å få sett på trafikk igjen. Om det som vert gjort no blir den endelege løysinga, avhenger litt av NVE sin rapport som er venta om kort tid, seier Følling.

Vidare seier ho at ideen om å stoppe reparasjon av brukar og byggje baileybru ville vere til hinder for arbeidet vidare.

- Det som blir gjort no, der eksisterande bru vert reparert, er ikkje til hinder for ei eventuell anna framtidig løysing, seier Følling.

Ho meiner og det er viktig å få fram at årsaka til at det ikkje vart opna tidlegare for gjennomgangstrafikk for bussar over Utvikfjellet, var øydeleggingar på vegen opp mot fjellet.

- Hadde vi sett på trafikk før vegen var reparert, kunne vi risikert at vegkanten hadde gitt etter for bussar. Vurderingane handla om trafikksikkerheit, seier Følling.