Sven Flo, ordførar i Stryn, er skuffa etter å ha vore tilhøyrar til dagens orientering fylkesutvalet fekk om fv 60 i Utvik.

- Vi fekk aldri snakke direkte til fylkesutvalet, men fekk rikeleg sjanse til å snakke med Statens vegvesen og administrasjonen i fylkeskommunen. Vi snakka sjølvsagt også med fylkespolitikarar, men ikkje formelt. Dermed fekk vi dei heller ikkje i tale i form av signal om kva retning det går med bruløysingane i Utvik, seier Flo.

Han er redd vegvesenet byggjer opp dagens bru som ei midlertidig løysing, men at fylkespolitikarane aldri tek steget og bestiller noko betre på lang sikt.

- Det vart sagt av fylkespolitikarar at satsing i Utvik kan gå ut over andre prosjekt i fylket. Det er for passivt i den situasjonen Utvik har havna i. Eg er frustrert over mangel på handlingskraft og vilje til å vise ansvar i praksis, seier Flo.

- Betyr det at du har gitt opp?

- Nei, på ingen måte. Vi skal stå på det vi kan. Men den klare meldinga mi til fylkespolitikarane er at dei må nytte dei kanalane som finst også for å få ut statlege midlar. For folk i Utvik og trafikantane handlar det om å få på plass trygge bruer som er rikeleg dimensjonerte til å klare ein tilsvarande flaum. Når Statens vegvesen snakkar om å nytte eksisterande bruer, og fylkespolitikarane aksepterer det, er eg redd vi aldri kjem lenger enn til dei midlertidige løysingane, seier Flo.

Han fortel at fylkesutvalet avventar anbefaling frå NVE.

Det er for så vidt greit. Likevel forventar eg meir ansvarstaking. Den må kome i neste runde, i oppfølging av måndagens orientering, seier Flo.

Det har ikkje lukkast Fjordingen å få kommentar frå fylkesordførar Jenny Følling.