I regi av Stryn kommune blir det arrangert eit ope folkemøte i Utvik kyrkje onsdag. Det er stryneordførar Sven Flo som har tatt initiativ til møtet som har til hensikt å evaluere handteringa av flaumen i Utvik og for å utveksle erfaringar og opplevingar.

– Vi vil ta for oss hendelsforløpet for flaumen i Utvik. Naudetatane snakke om sine erfaringar i arbeidet, men vi ønskjer og ein dialog med innbyggjarane om deira opplevingar. Vi ønskjer å dra lærdom av flaumen i Utvik og diskutere vegen vidare, og til dømes kva som skal skje med fylkesvegen, seier Flo.

Møtet er ope for alle

Les også: Opnar for turistbussar gjennom Utvik