Drivar av "Løvland - spiseri og pub" i gamle Kirkhorn skule  har søkt kommunen om å få kjøpe heile dette bygget, med plan om å ekspandere. Som det går fram av søknaden må spiseriet frå 1. januar 2018 pusse opp etter gjeldande reglar frå Mattilsynet.

- Då dette vil bli ei omfattande oppgåve er vi interessert i å eige bygget der arbeidet skal gå føre seg. I høve samanslåinga av Volda og Hornindal ser vi ein større trong til å setje Hornindal på kartet, heiter det av søknaden til drivar Gry Elverum.

Kva ho skal nytte dei resterande etasjane i skulen til, vil ho førebels ikkje gå ut med.

- Ikkje før ting er meir klart, seier Elverum som søkte om skjenkeløyve der første gong i november i fjor.

I tillegg til spiseriet, held kyrkjelydsstova til i det gamle skulebygget frå 1939.