I høve reguleringsarbeidet av Olden terminalområde, skriv Endre Muri i eit brev til Stryn kommune at "det syner seg å vere administrativ motvilje for å kome fram til minnelige løysingar".

- Ut frå det framlagde forslag til reguleringsplan og rådmannen sitt framlegg til vedtak, må det være rimelig klart at for grunneigar si side er det behov for juridisk bistand. Med dette vert Stryn formannskap bedt om å bekrefte at kommuna dekker slike kostnader, og det vert forventa omgående svar, heiter det i brevet som er signert Endre Muri.

Svaret frå kommunen er kortfatta:

- Stryn kommune dekker ikkje kostnader til juridisk bistand ved utarbeiding av reguleringsplan, heiter det i svaret frå ordførar Sven Flo og teknisk sjef, Jan Bakke Flore.

I tida reguleringsplanen for dette området låg til offentleg ettersyn kom det inn 17 merknadar. Etter det Fjordingen erfarer ønskjer grunneigar av kaieigedom 86/20, Endre Muri, ein av- og påkøyringsveg frå eigedomen sin og inn på fv 60. Vegen ligg ikkje i planen og kjem i følgje kommunen i konflikt med planar om gangveg etc.