I tysdagsutgåva av Fjordingen kan ein lese sauebonde Linda Alsaker sine bekymringar kring flått og dei store tapa ho og andre opplev grunna flått-bitt. Sjølv hevdar ho at kring 10 prosent av sauetapa deira kan tilskrivast nettopp flåtten.

Dette var også ei bekymring Alsaker lufta då stortingsrepresentant for Krf Østfold, Line Henriette Hjemdal, besøkte Olden og garden deira i byrjinga av månaden. Hjemdal lova då å ta dette opp med mat- og landbruksminister Jon Georg Dale.

- Høye tapstall for lam skyldes ikke bare rovdyr. Bønder og forskere peker på infeksjon og sykdom etter flåttbitt som en økende utfordring. Særlig er sykdommen sjodogg og de medfølgende svekkelsene av immunforsvaret en medvirkende årsak. Hva vil statsråden gjøre for å bekjempe økt tap av dyr som følge av den økende flått-bestanden? var spørsmålet Hjemdal stilte i brevs form.

Her er svaret frå ministeren:

- Sjølv om tapa av sau og lam på beite, både på grunn av rovvilt og andre årsaker, har gått mykje ned dei siste åra, er tap av lam og dyrelidingar på grunn av flått ei utfordring for sauenæringa i mange område i Sør-Noreg. På grunn av auka geografisk utbreiing av flått, aukar talet på dyr som blir smitta av flåttboren sjukdom og det same gjer talet på brukarar som må gjere tiltak som avgrensar skadane.

Dette betyr at brukarane i slike område må oppdatere seg på ny kunnskap om driftsopplegg og om tilgjengelege medisinar til førebygging og behandling. Det vil òg krevje meir tid til tilsyn og behandling av dyra enn det elles ville gjort for å ha ein god produksjon.

Ein studie ved NIBIO i samarbeid med Universitetet i Oslo og NMBU kan tyde på at beiting og opne kulturlandskap kan vere positivt for å redusere mengda flått i beiteområda.

Styrking av økonomien i sauehaldet generelt og auka vekt på utmarksbeite, slik det har vore lagt opp til i dei siste jordbruksoppgjøra, kan såleis ha positiv verknad også i denne samanhengen.