Det opphavlege 20-årsmålet for gjennomføring av ferjefri E39 mellom Kristiansand og Trondheim er ikkje lenger realistisk. Dette var noko av meldinga frå Statens vegvesen sine representantar som stilte på Gode vegar sin konferanse "Jernbanefritt område. Her er det vegen som gjeld."

Kjetil Strand er strategiansvarleg i gigantprosjektet, og saman med prosjektleiar Kjersti K. Dunham og Ellen Slinde, orienterte dei om utbygginga.

- Planleggingmessig er det gjennomførbart, utfordringa er økonomien som er auka til 340 mrd. sa Strand.

Opphaveleg prislapp var 150 mrd, men nye element som bl.a. hovudvegnett i byane og kryssing av Sognefjorden er teke inn sidan den gong.

- Det er no for stort avvik mellom NTP (Nasjonal transportplan) og strategi. Det er ikkje lenger realistisk å klare dette i løpet av 20 år og vi må revidere utviklingsstrategien, slo Strand fast.

Han nemnde ulike nye tilnærmingar her; Ta det meir etappevis med kortare bitar om gangen eller meir trinnvis der ein byggjer t.d. to- feltsveg i staden for firefelt, og utvide med nye to ved seinare høve.

- Vi treng kreativitet på finansiering, det er ikkje på teknologi og planlegging problemet ligg.

Når det gjeld vegstrekninga Byrkjelo-Grodås isolert sett var det lite nytt å melde her.

- I vår og sommar har vi utarbeidd flaumsonekart, gjort seismikkundersøkingar i tilknyting til tunnelbygging, kartlagt dyreliv og kulturminne. I haust skal ein optimalisere veglinjene, orienterte Ellen Slinde. Neste steg er å vurdere kryssalternativa på Byrkjelo og Innvik, kvar vegen skal gå i terrenget over Innvik og kryssløysing på Svarstad.

- Vi reknar med å ha meir klart på nyåret, sa Slinde.