Nordfjord Havn IKS er no eit interkommunalt selskap bestående av Gloppen, Selje, Stryn og Vågsøy kommune. At Eid kommune har meldt seg ut gjer at eigar- og ansvarsbrøken i selskapet blir endra.

Forslaget til nye vedtekter fordeler Eid sin eigarpost på dei andre eigarane utan at det grunnleggjande styrkeforholdet skal bli endra.

Rådmannen ser at det er naudsynt å endre vedtektene når Eid går ut og skriver i si vurdering at Eid kommune sin eigardel blir fordelt mellom dei attverande kommunane utan at det relative styrketilhøvet mellom desse blir vesentleg endra.

- Etter dei nye vedtektene vil Gloppen, Selje og Stryn kvar eige 16,67 % (tidlegare 13%)medan Vågsøy har ein eigardel på 49,99% (tidl. 48%) . Stryn sin eigardel (og med det ansvar) blir altså auka noko frå ein eigardel på 13% tidlegare til 16,67% no, heiter det av rådmannen si vurdering.

Han tilrår at Stryn kommunestyre støttar forslaget til nye vedtekter for Nordfjord Hamn slik dei ligg føre. Formannskaper skal handsame saka tysdag.