Ei misforståing fekk temperaturen til å stige betrakteleg på Stryn stadion i oppgjeret mot Skavøypoll fredag kveld.

Eit strynefrispark var allereie i lufta då dommaren bles for at det skulle takast. Ein Skavøypoll-spelar tolka dette som ei avblåsing og tok imot ballen med hendene. Når dommaren så bles på nytt og peika mot straffemerket -for hands, vart det ei lettare oppildna stemning på bana.

Mads Wie, som er laget sin straffetakar, gav klar melding til dommaren.

- Berre drit i det, tydeleg ukomfortabel med situasjonen.

Men dommaren stod på sitt. Wie la ballen på straffemerket og sende av garde eit skot. Det var alt anna enn heilhjarta, godt plassert utanfor og det med tydeleg overlegg.

Applausen frå publikum var den klart største i kampen, trass seks scoringar før denne situasjonen, og vitna om at alle støtta vurderinga frå toppscoraren. Fair play i praksis.