Kommunestyret har tidlegare vedtatt å klargjere grunnlaget for ei samlokalisering av ein eller fleire av naudetatane og vurdere pluss og minus ved eit felles såkalla "blålysbygg" i Stryn.

Etatane sjølve har tidlegare gitt uttrykk for at dei ønskjer seg under same tak.

Forprosjektet har vore på anbod og tilboda viser at dette kostar meir enn vedtatt. Førre veke handsama difor Stryn formannskap spørsmål om å putte yttarligare 150.000 kroner til forprosjektet.

Rådmannen foreslo å nytte pengar til dette ved bruk av driftsbudsjettet til plan- og næring der han viser til underforbruk.

- Ei utvida ramme kan difor finansierast innan for ordinært budsjett, skriv rådmannen som hadde følgande tilråding:

- Kostnadsramme for forprosjekt for å klargjere grunnlaget for samlokalisering av naudetatane vert utvida til kr. 425.000.- Finansiering: Driftsbudsjett plan- og næring

Stryn formannskap vedtok tilrådinga samrøystes.

- Det er ikkje berre snakk om vi skaffar oss eit nytt og meir funksjonelt bygg for etatane våre, men det handlar og om at vi innretter oss og legg eit betre grunnlag slik for å beholde både ambulansar og politi i Stryn i framtida, poengterte ordførar Sven Flo.

Flo har lenge vore tydeleg på at han ønskjer eit blålysbygg i Stryn.