Frå Fjordingen for 10 år sidan:Hornindal Trekkspelklubb dreg til med Haustsprell av rekordformat. Ikkje mindre enn 17 orkester pluss solistar blir å høyre i denne travle trekkspelhelga, skreiv Fjordingen i oktober 2007.

Hornindal Trekkspelklubb består av ti musikantar som veit å lokke fram vakre og lokkande trekkspeltonar. Det var ein glad og forventningsfull gjeng som finpussa forma då vi var innom før den store festivalen.

Klubben har 35 års jubileum neste år, og då skal det satsast endå meir, men Jannicke Kroken vonar at dette skal bli ei skikkeleg musikkhelg.