Nokre markerte refleksdagen torsdag, andre i dag fredag. Uansett, vi har kome inn i den mørke årstida der det å sjå medtrafikantar og ikkje minst bli sett, vert viktigare for kvar dag og veke som går. Når vi neste helg skrur klokka tilbake til vintertid, vert ettermiddagane endå mørkare. Desto viktigare å ta på seg refleks når ein er ute i mørkret.

I dagens avis står bebuarar i Olden fortvila fram, etter å ha oppdaga at det ikkje er lagt inn gatelys på den nye fylkesveg 60 utover frå Skarstein. I 2017 hadde dei rekna med at lys var ein obligatorisk del av eit nytt vegprosjekt. Fylkeskommunen sa nei til å byggje gang- og sykkelveg langs den nye vegen. Når fylkeskommunnen heller ikkje har bestilt lys, vert denne strekninga både utriveleg og livsfarleg for dei som må gå langs vegen på veg til og frå skule eller fritidsaktivitetar.

Prosjektleiaren for vegvesenet seier at nokon må bestille lys, dersom det skal kome på plass. Det bør vere eit klart signal til vegeigar, som er fylkeskommunen. Det er ille nok for bebuarar og tilreisande til Olden at det ikkje vart prioritert å byggje gang- og sykkelveg på delar av den nye vegstrekninga. Dobbelt ille er det dersom vegstrekninga vert liggjande i stummande mørke. Det er sterkt å håpe at dette er ei forgløyming, og at fylkeskommunen leitar fram nødvendige kroner og set lys i bestilling før anleggsmaskinene har reist frå området.

Gatelys kan vere med på å redde liv, på same måte som bruk av refleks er god livsforsikring.

Fysiske teljingar utført av Trygg Trafikk viser at berre fire av ti brukar refleks. Andelen som ikkje brukar refleks er truleg større i byane enn på landsbygda. Og varierer nok også med alder. Born og godt vaksne er nok dei flinkaste til å gjere seg synleg i trafikken.

Fotgjengarar som ikkje brukar refleks, burde vere med på mørkekøyring der dei sjølv fekk sjå kor usynleg ein person er når han elle rho ikkje brukar refleks. Utan refleks er du synlig for bilførarar først på 25-30 meters hald. Med refleks, aukar dette til om lag 140 meter. Trygg Trafikk fortel at dette gir bbilføraren ti sekund til å reagere, i staden for to. Går du utan refleks på regntunge, svarte gater der det og kjem møtande trafikk, er det endå vanskelegare for ein bilførar å oppdage deg.

Det er ikkje kjekt å bli køyrd ned av ein bil. Det er heller ikkje kjekt å vere bilisten som køyrer på ein fotgjengar. Difor: Bruk refleks.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør