Dei tre mennene frå Romania som er sikta for i alt fem minibrankinnbrot i Norge, eitt av dei i Stryn, har alle fått forlenga varetektsfengslinga til 26. februar. Det vart avgjort i Fjordane tingrett denne veka.

Rettssaka mot mennene skulle etter planen gå denne veka. Men saka vart utsett då tiltalen vart utvida og mennene no også er tiltalte for å vere del av ein organisert kriminell gruppe. Forsvararane bad om meir tid for å setje seg inn i nye dokument som følgje av utvida tiltale etter det som tidlegare vart omtalt som «mafiaparagrafen».

Dei tre mennene vart pågripne 23. februar i år på veg mot Lom, etter å ha brote seg inn og fått ut til saman 7.000 kroner frå minibanken tilhøyrande Sparebanken Vest i Stryn. Metoden som vart nytta, var å bore hol i frontpanelet på minibanken for å få tilgang til banken sin elektronikk, og så koble til PC for å manipulere minibanken til å betale ut pengar.

Då mennene vart pågripne i ein leigebil, fann politiet både PC, lakk og anna utstyr dei knyter til innbrotet. PC’en i bilen hadde i følgje politiet oppe søk på minibankar i Norge. Dette gjorde at politiet sette i gang ei større etterforsking som førte til utvida tiltale.

Mennene er tiltalte for innbrotsforsøk etter same metode også ved minibankar i Fredrikstad, Ski, Porsgrunn og Skei.

I følgje tiltalen skal mennene i tillegg til ved minibanken i Stryn ha lukkast i å få ut pengar også frå minibanken i Porsgrunn. Her skal dei ha fått ut 5.900 norske kroner og 140 euro.

Saka er no beramma til 26. februar 2018, og det er sett av fem dagar til rettssaka.