I Stryn kommune er det i dag 7216 personar, det betyr ein nedgang på 11 personar sidan andre kvartal, viser ferske tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Under tredje kvartal vart det fødd 21 personar i Stryn, medan 15 innbyggjarar døde. Det gir Stryn eit fødselsoverskot på seks personar. Samstundes flytta det inn 71 personar, medan 88 flytta ut.

Stryn har likevel eit fødselsoverskot på fem personar så langt i år. Sidan 1. januar er det berre 2 færre innbyggjarar i Stryn etter tredje kvartal.

I Hornindal er det ein nedgang i folketalet på 10 personar etter tredje kvartal. Så langt i år har kommunen eit fødselsunderskot på tre personar. Pr. 1 januar hadde Hornindal kommune 1198 personar, 12 fleire enn i dag.

I fylket elles er det Sogndal som kan skilte med størst vekst etter tredje kvartal med 97 nye borgarar, etterfulgt av Førde med 68 personar og Eid med 28 nyregistrerte innbyggjarar.

Eid, med 6.128 innbyggjarar, har hatt folketalsvekst i 15 av dei 16 siste kvartala. Folketalsveksten i Eid tel 126 nye innbyggjarar dei siste to åra, det betyr at folketalet veks dobbelt så raskt i Eid som i landet elles.

- Den sterke folketalsveksten i Eid dei siste åra syner at det er råd å skape vekst, optimisme og attraktive stader å bu også i distrikts-Norge, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V) i ei pressemelding.