2. divisjon

Stryn tapte 34 - 15 borte mot Kolbotn laurdag. Trass i at Stryn leia 0 - 2 stod det 16 - 7 til pause. Heimelaget heldt fram med å styre kampen også etter pause. Trenar Oli Sveinsson er svært skuffa over raudtrøyene.

- Dette er flautt og gutta må ta seg saman. Vi må fungere som eit lag elles har vi ikkje ein sjanse, seier Sveinsson i ein kommentar etter kampen.

Raudtrøyene skal spele mot Ski alt i morgon søndag.

Meir om desse kampane i tysdagsavisa