Store snømengder i Stryn har gitt det lokale skitrekket ein pangstart på sesongen. Mange hadde funne fram ski og snøbrett og tok turen i bakken laurdag.

- Det er sjelden anlegget har opna så tidleg som i år. Det er viktig med ein god start på det som vil bli ein viktig sesong for oss, fastslår ny styreleiar ved Stryn vinterski, Anders Aarnes.

Dagleg leiar Frode Briksdal seier at øvste heisen opp til Steindalen truleg vil bli opna til neste helg.

- Det trengs litt meir snø der oppe enno, men dette er veldig lovande. Det er godt å sjå at så mange har tatt turen hit i dag, seier Briksdal.

Grannen i nord har ikkje vore like heldig. Trass i rikeleg med snø, har ikkje Hornindal skisenter fått opna anlegget sitt denne helga.

Tekniske problem Heisa i Hornindal opnar truleg ikkje før neste helg Foto: Hornindal skisenter

- Det er leit, men vi har tekniske problem med heisen. Vi venter på delar og vil reparere dette snarast. Vi vonar vi vere klar for å opne skiheisen til neste helg, seier driftsleiar Amund Sverre Tomasgard.