Saka om Oldenleiaren har vore oppe fleire ganger og nye klager er kome til i saka etter at sentrumstomta vart tildelt ei investorgruppe med planar om bygging av leilegheiter. Onsdag skal Stryn formannskap på nytt handsame interessekonfliktene knytt til tomta.

Rådmannen har tilrådd følgande vedtak:

- Klage på vedtak i formannskapet, FO 102/17, frå Olden Bryggeri AS, Endre Muri og Kenneth Sølvberg vert avvist. Vedtaket er ikkje å rekne som enkeltvedtak med klagerett etter forvaltningslova, skriv rådmannen.

I vurderinga frå rådmannen heiter det ordrett;

- Først må det takast stilling til om vedtaket er eit enkeltvedtak med klagerett etter forvaltningslova. I denne vurderinga er det først og fremst avgjerande om kor vidt vedtaket omfattar det lova definerer som «utøving av offentleg mynde» eller ikkje, jfr. forvaltningslova § 28- a). Denne saka gjeld sal av eit kommunalt næringsareal. Privatrettslege transaksjonar, slik som kjøp og sal, er ikkje særprega for det offentlege og er difor normalt heller ikkje å rekne som enkeltvedtak. Utgangspunktet er difor at kjøp og sal av eigedom ikkje er å rekne som enkeltvedtak.

I tilfelle der eit vedtak ber preg av støtte/tildeling vil det vere relevant å vurdere dette opp mot kva motyting som vert gitt, når ein skal vurdere om vedtaket kan definerast som enkeltvedtak. I denne saka er prisen fastsett med bakgrunn i kostpris, det er difor ikkje grunnlag for å vurdere vedtaket som støtte eller tildeling utan motyting. I denne saka er det gjort vedtak om ein eiegdomstransaksjon i form av sal av eit næringsareal til kostpris.

Rådmannen ser difor ikkje at dette er å rekne som eit enkeltvedtak med klagerett etter forvaltningslova. Neste spørsmål som vil vere naturleg å avklare, er kven som har klagerett etter forvaltningslova. Rådmannen finn ikkje grunnlag for å utgreie dette spørsmålet vidare når konklusjonen er at vedtaket i sak FO- 102/17 ikkje er eit enkeltvedtak.

- Dersom rådmannen si tilråding om å avviste klagen vert vedteken, er dette ei avgjerd som kan påklagast, jfr. Forvaltningslova § 2, tredje ledd og § 28, andre ledd, heiter det i saksframlegget.

I saksframlegget er klagane i hovudsak framført av følgjande:

1: Olden Bryggeri As viser til planomtalen for kommunedelplan for Olden og grunngjev klagen med at Olden Bryggeri sin søknad er meir i samsvar med gjeldande bestemmelsar for området. I tillegg viser dei til utlysingsteksten der det var oppgitt at arealet var til sals heilt eller delvis, men at kommunen under handsaminga av saka berre ynskte å selje heile området under eitt.

2: Endre Muri klagar på mangelfull og feilaktig handsaming av saka, og anfører at vedtaket er i strid med gjeldande kommunedelplan for området og at hans søknad ikkje er vurdert utgreia i sak FO- 102/17.

3: Nesset Fjordcamping v/ Kenneth Sølvberg peikar i si klage på at det er viktig å ivareta behovet for areal til forretning/sørvis og at området difor også bør utviklast med tanke på dette formålet. Nesset Camping er kike direkte part i saka, men meiner dei er omfatta av vedtaket sidan dei driv reiselivsverksemd i Olden.