Stryn sine 2. divisjonsherrar i handball jakta ein ny topoengar mot Falk Horten 2 i ettermiddag, og det såg lyst ut til pause då Stryn var i leiinga 19-16.

Stryn sin 20-målscorar frå sist helg mot Kjøkkelvik, Leon Pavlovic, vart godt passa på i denne kampen, men landsmann Lovro Kresic tok ekstra tak og banka inn 18 mål i kampen. Runar Walaker spelte ein god kamp på strek og sette inn fem mål. Det heldt likevel ikkje, og etter ein thriller av ein andreomgang stod det 35-33 til heimelaget.

- Vi rotar det litt til i 2. omgang, seier ein skuffa Walaker, som måtte sjå at heimelaget drog det lengste strået heilt mot slutten.

- Vi blir litt for hissige på å score mål og er for lite arbeidsvillige på returløpa, seier trenar Oli Sveinsson.

I morgon står St. Hallvard 2 frå Lier på motsett banehalvdel for Oli Sveinsson og co.