Toppscorar for Stryn dei siste sesongane, Mads Wie, har valgt å vende tilbake til heimklubben Sandane. Dette melder haugenfotball.no

Den 25 år gamle glopparen er oppvaksen på Sandane og bur og jobbar der også i dag. Han spelte seniorfotball for klubben i 2008-2010, 2012, 2013 og 2014.

Wie står bokført med 213 mål på 208 kampar sidan han debuterte som senior i 2008. Denne sesongen scora Wie 31 mål for Stryn og vart med det toppscorar i Kretsligaen.

- Takkar for tre fantastiske år

- Det vart lite overskot og nesten ingen fotballrelaterte treningar, og då kjente eg på meg at eg måtte takke for meg etter tre heilt fantastiske år i Stryn Fotball, seier Wie til Fjordingen.

Toppscoraren held derimot døra på gløtt for strynecomeback ein gong i framtida.

- Eg har følt meg velkomen heilt sidan dag ein, og eg kjem gjerne tilbake ein gong om sjansen byr seg for både meg og Stryn. Eg vil nok kome meg til Stryn for å følge den spennande spelargruppa ein del kampar i år.

- Vanskeleg å erstatte

- Det er sjølvsagt kjedelig å miste ein så god spiss som Wie. Det er vanskeleg å erstatte han, men vi har mange unge lovande spelarar som kjem til å bli satsa på, seier Stryn sin nye trenar, Geir Inge Rake.Wie har i tillegg spelt for klubbane Varegg og Tornado Måløy.