På kjøkkenet i Visnes Hotel står den prisbelønna norske kokken Christopher Davidsen. I januar vann han sølv i den internasjonale kokkekonkurransen Bocuse d´Or. Han er og kåra til årets kokk i Norge.

Denne helga er han altså i Stryn for å tilberede ein 5-retters julemiddag på hotellet. Vertskapet er godt nøgd med celebert helgebesøk på kjøkkenet.

- Christopher Davidsen var på besøk her på hotellet i 2015, men det er veldig stort at ein kokk av eit slikt kaliber besøker oss igjen. Han er jo verdas nest beste kokk, seier hotellvert Arvid Otterdal.

Den kokebok-aktuelle kokken er opphaveleg frå Stavanger, men turnerar no med besøk i Oslo – Stavanger – Trondheim og vesle Stryn saman med commis Håvard Werkland. Davidsen har ein svoger i Stryn og kombinerar kokkeleringa med eit besøk her.

- Stryn er ein veldig fin plass. Eg likar meg veldig godt her, seier Davidsen medan han tilbereder ein av kveldens fem rettar:

- Lett røkt norsk laks med sprø elementer og selleri, eple & blåskjell med Creme Fraiche og grilla sitron, seier han.