Dei hadde all grunn til å juble, bebuarane både på Flo og Nordsida onsdag ettermiddag, då det vart klart at eit samrøystes fylkesting løyver pengar både til tunnel Veslebygda-Flo og ny Blaksettunnel. Sistnemnde til erstatning for dei to tunnelane som mildt sagt er utgåtte på dato.

Løyvinga til tunnel mellom Veslebygda og Flo er resultat av mange års kamp og solid argumentasjon frå både bygdefolk og lokale politikarar. Fleire gonger har delegasjonar frå Flo og Stryn kommune vore på besøk i fylkeskommunen der dei har lagt fram veldokumenterte krav om tunnel. Dokumentasjonen burde ingen vere i tvil om var ekte. For faktum er at det er berre flaks at det ikkje har gått liv på Flovegen. Men det har vore nære på. Både på grunn av utforkøyringar og der folk har kome midt opp i både is-, snø-, jord- og sørpeskred. Dermed har bildedokumentasjon og skildringar frå dei som har vore i livsfare vore ein særs realistisk del av saksgrunnlaget politkarane har hatt då dei til slutt plasserte Flo-vegen på topp av rassikringsprosjekta i fylket.

Fylkesordførar Jenny Følling var ute med ros på Facebook onsdag, etter at vedtaket var fatta. Rosen gjekk til dei som har stått på med solid argumentasjon i mange år. Den rosen er vel fortent, og viser at ein aldri må gje opp kampen og håpet om det ein har tru på. Det som verkar, er sakleg og veldokumentert argumentasjon. Det er «tunnel-gjennomslaget» for Flovegen eit godt bevis på.

Ny Blakset-tunnel er og viktig, men kjem først og fremst som resultat av Statens vegvesen sitt eige prosjekt for rehabilitering av tunnelar. Gamletunnelane er så dårlege og ligg slik til at det ikkje er fornuftig å rehabilitere. Då vert den beste løysinga no vald; bygging av ny tunnel.

Alle som no får tunnel, har det til felles at skule- og pendlarveg vert betydeleg sikrare. Særleg for Flo bør det kunne bety auka interesse for å byggje og bu i den idylliske grenda. Det er berre å førebu seg til fleire feiringar; både over vedtaket, anleggsstart og ikkje minst ferdig tunnel.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør