Ei fullsett Nedstryn kyrkje kunne ta med seg eit lite stykke Medina-magi inn i førjulsstria. At artisten frå USA, som slo gjennom med verds-hiten "What are words" (2011), har ei stemme av dei litt sjeldnare visste ein frå før, men det er noko med å høyre den i levande live.

Og publikumsfrieri eller ikkje; at dei tok med det lokale Frostskoddekoret og Stryn blandakor på deler av repertoaret, og pynta det heile ytterlegare med eit par songar saman med Jorun Irene Erdal, var heller ikkje feil. Duetten med Erdal og Medina, der dei song O holy night, var definitivt eit høgdepunkt.

Konserten var også krydra med songar som ikkje direkte høyrde jula til. Blant anna fekk medmusikant Eirik Næss lurt inn eit par av sine låtar -og takk også for det. Han var forøvrig ein drivande god gitarist. Stødig bak tangentane sat Lars Støvland.

Sjølvsagt fekk vi også høyre What are words.

Medina avslutta med å takke Stryn og gav uttrykk for at han også sjølv tok med seg litt førjulsmagi på vegen vidare, med snøen og den flotte stemninga.

På avslutningssongen, Deilig er jorden, hadde Erdal, Medina og bandet teke oppstilling i koret. Her vart også publikum med på tonane.
Medina saman med bandmedlemmane Lars Støvland (bak) og Eirik Næss.